Startproblem 900 84

Åpent forum for alle Saab entusiaster. Her postes Saab/bil-tekniske innlegg.

Moderator: Moderatorer

Svar
Håvard PB
Innlegg: 18
Registrert: 24 jul 2009, 17:10

Startproblem 900 84

Legg inn av Håvard PB » 10 des 2011, 21:01

Heisann godtfolk!

I haust starta det. Eller skal eg seie starta ikkje? Eg har fått startproblem på bilen min, ein Saab 900 84-modell. Eg har hatt den på verkstad og dei skifta nokre delar, men det vart ikkje betre virkar det som. Nokon som er god på feilsøking?

Startmotoren går fint høyrer det ut som utan at det tenner. Det går ann å skuve bilen i gong. Den går fint på tomgang (choke heilt inne) men etter kvart så duppar han under grensa og døyr ut (virkar som at når kjølevifta startar så trekkjer den nok spenning til at det ikkje vil gniste?) Eg har ein kompis som har grei kunnskap til bil og han vil seie tennpluggane er ok. Samt har vi reinska fordelarloket for det lille av irr som var der. Verkstedet her tok den inn og dei meinte det var lite bensintrykk og skifta bensinfilter. I tillegg bytta dei tenningsmodulen (Usikker på forklaringa der, men dykk skjønar kanskje kvifor). Eg fekk han tilbake med dei same problema... Ein interessant ting er at det er ikkje alltid slik at bilen ikkje startar. Eg kan anslå at bilen startar 30% av tida medan resten av dei 70% så kan eg kjinne til batteriet er tom for å seie det slik. Driftsvarm motor startar mykje enklare.

Info som kanskje kan ha noko å seie elles: Er i militæret for tida, noko som medfører at bilen står ofte ei veke i ro før neste gong eg startar han. Det er veldig kaldt her på Rena (-10 til -15 siste dagane, med tanke på batteriet?), og når eg fyrst tek meg ein tur så vert det berre korte turar ned til sentrum. Lydanlegget er ikkje av det værste, men den basskassa bekymrar meg likevel for å kanskje vere ein syndar dersom det viser seg å vere batteriet. Batteriet er forresten berre eitt år gamalt gelebatteri.

Eg dimmar komande fredag og har ein 50 mils lang tur heimatt. Takkar derfor alle som orkar å hjelpe meg med denne leie situasjonen!

Helsing Korporal Brandal

Atzz
Overload!!!
Innlegg: 1367
Registrert: 28 okt 2009, 08:34
Medlemsnummer: N1868
Navn: Sigve
Bil: Saab 9000 Aero
Sted: Bodø

Re: Startproblem 900 84

Legg inn av Atzz » 10 des 2011, 22:37

8/16v? Forgasser/ sprut?

Håvard PB
Innlegg: 18
Registrert: 24 jul 2009, 17:10

Re: Startproblem 900 84

Legg inn av Håvard PB » 11 des 2011, 12:58

Forgassar og 8v. :wink:

Brukeravatar
Morten S.
MAX BOOST
Innlegg: 2027
Registrert: 20 mar 2003, 01:00
Medlemsnummer: N1507
Navn: Morten Sølsnæs Strandmoe
Bil: 2 x TT, V4, og900 og 9-3 SC
Sted: Vestfold
Kontakt:

Re: Startproblem 900 84

Legg inn av Morten S. » 11 des 2011, 15:30

Atzz N1868 skrev:8/16v? Forgasser/ sprut?
....(choke heilt inne)....
"Alt" fra totakt til turbo

Svar