Side 1 av 1

DICE

Lagt inn: 18 mai 2015, 19:29
av gDmnd
Hei!

Har hatt problem med straumen eit par gonger. Har kome til straumtom bil om morgonen. Merkeverkstad opplyste at det var DICE-eininga(delenr. 5266267) som var gåen/dårleg. Dette var del som ikkje lenger var i produksjon, og difor vanskeleg kunne skaffas.
No fins det jo godt om slike på ulike bruktstader på nettet, så då lurer eg på: Må eininga være frå ein bil som er heilt lik min? Same årsmodell, bio-power, automat? Må alt være likt, eller kan eg berre kjøpe første og beste?

Re: DICE

Lagt inn: 18 mai 2015, 20:15
av Hjelle, N6
Du kan handle fysste og beste DICE-boks frå ei høggeri med det delenummeret du oppgir. Delenummeret går frå ein gong i 2003 og heilt opp til dei siste 2010 Estate. Saab-verkstedet må vel uansett reservedels-programere boksa ved montering, so det går berre godt.
Men om den er slutt har desverre skjedd nylig, en kjenning måtte handle ny boks for ein månad eller to sidan, han valde å kjøpe ny frå Saab-forhandlaren sjølv om prisen var voksen (4-5000 NOK).

Re: DICE

Lagt inn: 19 mai 2015, 09:04
av gDmnd
Det var bra. Takk for svar :D
Prisen du oppgjer er veldig lik den eg fekk av verkstaden, før dei fann ut at boksen ikkje var å få tak i. Eg venter vel at dei skal ha ei krone eller to sjølv om eg stiller med delen. Vel vel, me får sjå... Det er uansett gildast med ein bil som virker!