Om sjølve samarbeidet kan det vel seiast at det vart til gjennom at Saab AB og Scania-Vabis vart slått ihop i 1969, då en ville ha eit større konsern som dreiv med bilproduksjon. Fam Wallenberg sat med større akjsepostar i begge firma før fusjonen. Når det gjeld splittinga skjedde vel den 1992, då personbil-delen vart selt til GM.
Og om du ser litt eldre Scania:or, som LBS140 fks, har den enkelte komponentar som en finn att i 900 fks., so litt sambryk av komponentar innom konsernet har det nok vore, som det seg hør og bør.
Det hadde foressten vore kjempemessig om SAAB og Scania igjen kom på fullsvenske hender, og det hadde heller ikkje vore meg imot å fusjonert selskapa igjen...
Logoen som SAAB-eigarar er vande med vart til i 1983, og sat på alle bilar ifrå M85. Sidan logoen er innarbeidd over monge år, har den fortsatt hengt ved SAAB, sjølv om det er Scania sin logo.
Logoen iseg sjølv har ei ganske logisk forklaring.
Scania er latin for Skåne, og sidan Scania vart grunnlagt i Malmö (der SAAB også har hatt fabrikk), valgte Scania å bruke skånegripen som firma-symbol. Scania vart foressten slått sammen med Vabis (Vagn Aktie Bolaget I Södertälje) i 1911, og det er i Södertälje Scania idag har hovudsete.
Gripen er faktisk symbolet for årvåkenheit, hurtigheit og styrke, og det stemmer vel godt?
Delte temaet, og laga eit nytt for spørsmålet til TurboKK, om nokon har noko å legge til, eller fleire spørsmål; fyll på!